Sv: Hotell Irini
Eg og min fru var på Irini i fjor gjennom Ving. Stille og avslappande, reine rom og kort veg til alt. Poolen var rein og fin, og det var såpass tidleg på sesongen (mai/juni) få gjester der, rundt 5-6 par, derav eitt ungt dansk par med ein baby (ca 3-4 mnd), så det kan òg gå fint. Skulle eg seie noko negativt ville det vere at det var relativt små rom, og kan hende litt slitt.
I år dreg me med Apollo, så no er det tilbake til Dream Island, der me var for to år sidan. Vesentleg større rom, nyare hotell, 10 meter frå stranda med solsengar, og hotellbaren er normalt tilgjengeleg på stranda. Einaste ulempe er at det er 800-900 meter å gå frå sentrum i Livadia.
No er ikkje eg og min fru dei som brukar mykje tid i solsengene, men stort rom, stor seng, bra baderom, velutstyrt mini(?)-kjøkken og lett tilgjengeleg hotellbar for ein kald Mythos i skuggen midt på varmaste dagen er positivt. Den knappe kilometeren å gå er godt for helsa.
|